
Alt begynner med ein tanke, og ut av ein tanke kjem det følelsar og handlingar. Gode og mindre gode. På den mindre gode sida står emosjonar ofte som ein liten vegg i mellom oss mennesker, og hindrer oss til nærmare bekjentskap med kvarandre. Dei ligg som eit lokk over viljen til å sjå den andre, dei gode sidene, kvalitetane, den personen er innerst inne. Emosjonar blir til følelser som held oss fast til våre eigne begrensningar, synspunkt, meiningar og haldningar. For opptatt av at den andre skal sjå oss, forstå oss… og ikkje vi forstå dei. Følelsar som veks seg større gjennom stafastheita vår, og som kan vokse seg så stor at vi blir blenda av vårt eige ego… Ser ikkje den andre… vil ikkje sjå, fordi vi er for opptatt av eigne følelser.

Slik står vi og ropar om oppmersomheit, ofte i det stille, inne i oss. Og utan å seie eit einaste ord, veks veggen seg enda høgre i mellom oss og dei. Slik går vi rundt med eit innestengt rop som viser seg i alt vi gjer og alt vi seier, utan at vi faktisk seier det. Vi mennesker er flinke slik, holde inne det vi faktisk føler. Kvele det som presser på. Så når vi endelig har ein samtale der vi kan få uttrykt oss, bli hørt, forsvinn våre lytteeigenskapar, og behovet for å bli forstått vinn over fornuft. Alle nedetrykte tankar og følelser kjempar for å få kome ut i openheita. Resultatet blir ofte to som står i konkurranse om mest synligheit. Ein toveis kommunikasjon, der det verbale og nonverbale språket får fritt leide utan å bli sett av den andre. «Eg når ikkje fram… blir ikkje høyrt…»
Alt starter med ein tanke… ein tanke om at kanskje neste gang skal eg faktisk lytte og sjå personen som eg snakker med. Ta fram nyskjerrigheita og dei gode emosjonane. Ta meg tid til å høre, til å forstå, med fokus på den gode viljen. Då kjem det nok eit meir positivt, og tenelig utfall for begge partar. Det å starte med respekt og likeverd.