
Min undringstanke:
For at eit menneske skal bli sjølvstendig og bevisst sine tankar, handlingar og kva som er rett for den enkelte, må deira sjølvstendigheit og bevisstheit bli oppmuntra. Ikkje gjennom råd og veiledning av andre, men med gode bevisstgjerande spørsmål, støtte og oppmuntring .
Det er ingen som liker å få råd ein ikkje har spurt etter, ei heller overkøyrt av andre si meinig om at slik er det. Følelsen av at ein ikkje rår over sitt eige liv, eller friheit til å bestemme sjølv, kan då lett bli utfordra.
Likevel er dette nok ei felle vi alle går i før eller seinare. Frå vår side er det ofte ein god tanke bak det velmeinte rådet. Men for den som ikkje har spurt etter råd kan det oppfattast heilt annleis. Eit råd som berre dett ut av oss i ein samtale vi er i. Det være seg med våre næraste, på jobb eller med vener, ofte ikkje oppfatta som råd av oss sjølve, men heller ei løysing på nokon andre sin situasjon. For det er slik vi kan oppfatte det. Vi høyrer nokon uttale seg i ein situasjon dei står i, så tek sinnet vårt over, tolkar og syr saman vår oppfatning av det snakka ord, og ut dett vår ferdig produsert løysing på vedkomande sin situasjon. No er det ikkje sikker at vedkomande oppfattar sin situasjon som utfordrande, eller at der var behov for eit råd i utgangspunktet. Men råd får ein likevel.
.

Eg veit korleis det er sjølv når noko ligg å svirrar i mitt indre, og behovet for å sette ord på det til mine nærmaste, så er det skjeldan eg er ute etter råd. Vil eg ha eit råd, eller ei løysing på noko, spør eg ofte om det. Mi høge snakking og grubling er ofte for min eigen del, det gir meg ein større bevisstheit på kva som summar inne i hovudet. Å så er det er godt å ha nokre øyrer som lyttar. Men eg er også den som går i fella sjølv, litt meir enn eg likar. «Mamma ikkje gi meg råd, eg vil heller at du spør meg med nysgjerrigheit», sa den eine sonen min ein gong han var heime og fortalde om sine visjonar. Å han har heilt rett.
Det å stille nysgjerrige spørsmål viser at du er tilstades hos den som fortel. Det knyter menneskjer saman. Ein viser at ein er interessert i kva vedkomande fortel, at ein lyttar og ikkje er i sitt eige sinn for å finne råd og motsvar. Undrande og gode spørsmål som gir ei større bevisstheit både hos den forteljande og hos den spørjande.
Menneskjer ser situasjonar og problemstillingar utifrå sitt eige referansepunkt, sin kunnskap og sitt perspektiv. Så eventuelle ikkje-bedne-råd som ein lyttar kjem med, fell ikkje alltid i god jord hos mottakar. Dessutan handlar det om å respektere andre sin ståstad og deira måte å sjå ting på. Det er ein god eigenskap være ein lyttar og la den kommuniserande få komunisere.
Vi veks når vi får tenke høgt utanfor vår komfortsone. Om ein heile tida blir fortalt kva ein skal gjere, handle, tenke, så sløvast ein, og den kreative sida vår falmar. Ingen veks om puter blir sydd under armane. Det er alltid ein balansegang med det å kunne få snakke ut sine indre tankar til ein god lyttar, for så å få gode og reflekterte spørsmål tilbake . Ei høg snakking for vår eigen del kan virke bevisstgjerande, samtidig som der er forfriskande med gode nysgjerrige spørsmål frå den lyttande. Det anerkjenner våre tankar og følelsar med ein bekreftelse på at ein tenker rett, samt ein får inn nye synspunkt som gir ei større bevisstheit og positiv endring på måten ein ser og tenker.
Når ein trur ein er ein god lyttar men går i desse fellene:
Du antar at du veit kva den andre skal seie, fordi du kjenner personen godt.
Du forbereder kva du sjølv skal seie ,medan den andre snakkar
Du kommuniserer med kroppsspråket at du er rastlaus, nervøs eller ukomfortabel
Du gir hjelpande råd før heile historia er fortalt
Du reagerer kraftig emosjonelt.
Du er overdriven optimistisk
Dine tankar vandrar til andre gjeremål og du får ikkje med deg kva den andre seier.
Du prøver å multitaske med andre ting medan du lyttar.
Du avbryter og fullfører andres setningar
Du avbryter for å påpeike noko som foregår rundt deg og som ikkje har noko med det den andre seier.
Dagens NLP føresetnad:
Respekter andres modell av verden
Ved å vise at du aksepterer og respekterer andre som eit individ,
det dei tenker og står for, vil du lettare nå inn til dei og etablere eit tillitsforhold
Kjelde: Den store NLP- Boka av Wilhelm Lefevre Grimsgaard
