
Er du eit ja-menneske som tek meir hensyn til dei rundt deg enn deg sjølv?
Er du pliktoppfyllande, og gjer tenester som andre ber deg om, sjølv om du eigentleg hadde andre gjeremål akkurat då?
Stoler du meir på andre sine kunnskap og ferdigheiter, og følger deira råd, sjølv om ditt indre kompass seier noko anna?
Vi lever i eit samfunn som framsnakkar effektivitet, og å være pliktoppfyllande, og der resultat blir ein del av eins identitet. Eit samfunn der alle krav gjer at fokuset på mennesket fort dett vekk. For det å ta hensyn til eigne helsemessige behov er lett å oversjå når du har fokuset på å levere andre sitt sluttprodukt .Det er ikkje det at varselsignala i kropp og sinn ikkje er der. Dei har du kjent på ei stund i form av muskelsmerter, hovudverk eller energisvikt i kroppen. Dette er signal som blir bagatellisert eller oversett med ein indre dialog om at «alle andre» får det til, eller «eg burde klare». Då vært ord som : Eigenverd, sjølvomsorg og sjølvrespekt som framandord å rekne .
Heilt frå barnsbein av vart vi fortalt kva vi skulle tenke og tru om oss sjølv og samfunnet. Familien rundt oss og måten dei kommuniserte på, til kvarandre og til oss barn, vart ein blåkopi i vårt barnesinn. Som vandrande svampar, saug vi til oss alt av inntrykk som tankar, overbevisningar, vanar, frykt og glede, utan at det vart stilt eit einaste kritisk spørsmål. Vi tok med oss ein illusjon inn i vaksenlivet som sa at vi styrer liva våre sjølve og etter eige ønske. Men istadenfor var det vårt nedarva levemønster som styrte oss. Det forma korleis vi tenker om oss sjølve, det å løyse utfordringar og forventningar.

Vi starta å ta val basert på det vi trur vi kan, og ikkje det vi faktisk kan. Vi tek val basert på kven vi trur vi er og ikkje den vi faktisk er. Vi tek val på grunnlag av kva andre har fortalt oss at vi skal gjere, og ikkje alltid val som er i tråd med våre verdiar. Vi vel studie og jobb etter det vi trur er til det beste for oss, og ikkje alltid det vi eigentleg har lyst til. Vi vel å tileigne oss meiningar og overbevisningar som passar samfunnet, og vel å forstumme våre eigne synspunkt.
Å være sjef i eige liv er 80% internt arbeid, med bevisstgjering av gamle mønster og overbevisningar, og 20% handling gjennom nye overbevisningar, og eit nytt livsmønster. Første utfordring er ofte frykt-illusjonen. Frykt for å stå opp for oss sjølv, og for å ikkje bli akseptert for den ein er. Det er frykt for å ikkje være god nok, og for å ha feil meiningar eller gjer noko feil. Frykt til å møte seg sjølv. Det gjer at ein peiker på ytre årsaker til egen situasjon og forblir passiv i eige liv, og ein ansvarsfraskrivelse oppstår. Andre prøver å forandre det ytre miljøet for å få det bra med seg sjølv, og gløymer dei 80% med internt arbeid. Det blir som å gå med dei same utslitte skoa utan å forstå kvifor du frys på beina. Du kan ikkje kontrollere dei eksterne situasjonane og menneska som er rundt deg, men du har kontroll over dine reaksjonar, og korleis du tolkar situasjonane som oppstår. Du kan enten ta passasjersete i eige liv, eller snu tankegangen og være bevisst på kva du vil og ta kontrollen sjølv.

Vårt sinn konstruerer og tolkar alt vi sansar. Korleis ein føler det inni seg og korleis det faktisk er, er ofte to forskjellige ting. Så tillat deg å stille kritiske spørsmål mot dine tankar, og svar ærleg. Er du villig til å gi deg same omsorg og gode råd som du gir andre ? Kva stopper deg ? Kva ferdigheiter har du som kan hjelpe deg på veien vidare ? Vi mennesker har så mykje meir å gå på av ressursar og val enn vi trur, berre vi tillet oss å sjå potensiale som bur i oss.
Livet er ikkje noko som berre skjer deg. Det er noko du er ein del av, uansett om du aktivt eller passivt deltek, bevisst eller ubevisst. Så, kor mykje tilpassar du deg andre, og kvar i rekka ligg din eigenomsorg og eigenverdi?
Kva gjer du når kropp og sinn har jobba på overtid for å balansere og tilpasse seg livet du lever, og hjartet har ropt frå øvste fjelltopp om at du må stoppe opp og lytte innover? Kva gjer du når sinnet er så utkøyrt av å tilpasse seg andre, og tankekaoset er totalt? Kva nye tilpassingar gjer du då, og til hensyn for kven?
Å bli sjef i eige liv er ein kunst! Det er ei nødvendigheit for at DU sjølv skal vite at ditt liv blir styrt med dei beste intensjonane. Slik at ditt liv blir styrt med kjærligheit og glede som styrker din egenverdi og din indre sjølfølelse.
Så mitt spørsmål blir: Har du søkt på leiarstillinga i ditt liv og fått den, eller er det andre som har tatt den for deg?
Relevante bøker:
Ingvard Wilhelmsen – Sjef i eget liv
Ingvard Wilhelmsen – Det er ikke mer synd på deg enn andre
Joe Dispenza – Bryt vanen med å være deg selv
Louise Hay – Du kan helbrede ditt liv
Brianna Wiest – Du er fjellet
Robin Sharama – The Saint, the Surfe and the CEO
Robet Dilts, Tim Hallbom, Suzi Smith – Beliefs
