I mitt tankehjørne

Er du ein av dei som kan sitte og la tankane fare? Fundere over små og store ting i livet?
Alt frå dei kvardagslege ting, til meir djupare grubling på livets utfordringar?
Kvifor livet blir slik det blir?
Eller er du ein av dei som tek livet slik det utfoldar seg med dei utfordringar det måtte bringe utan å tenke på kvifor ting blir slik ?
Det som er sikkert er at kvardagen og livet med det, blir til uansett kor bevisst deltakande ein er i rolla.

Fordelen med å velgje den bevisste rolla er at ein får være litt meir sjåfør i eige liv. Noko som oftast gir ein indre sjølvbevisstheit, og styrker eiga utvikling og vekst.
Når vi veit at vi tenker ca 60.000 tankar i døgnet, og 80 % av desse er av ein negativ sort, kan det være greitt å være desse tankane bevisst. Tankar som fortel oss at «dette går ikkje bra» eller  «Eg er ikkje sikker på om eg får det til «.
Ikkje berre tappar slike tankar oss for mykje energi, men dei hindrar oss også frå å prøve ut draumen vår, i frykt for noko ein tanke eller følelse har fortalt oss.
Ofte startar vår bevisstgjering når vi står i ein ubehagelege situasjon. På leite etter andre løysingar fordi vår eksisterande ståstad forsvann under oss. Vi blir meir villige og mottakelege for andre forslag og løysingar. Til meir ubehageleg situasjonen er, til meir villig er ein til å ta ei ny vending.



.

Våre prøvelsar og utfordringar startar ofte i barndommen, og går hand i hand med oss gjennom livet. Slik var det for meg også. Når eg tenker tilbake på min start i bevisstgjeringa, ser eg meg som tenåring, og det året eg ikkje kom vidare på andre året i min treårige gymnasutdanning. Eg og andre med meg, hadde karakterar som ikkje nådde opp, og plassane våre gjekk til andre søkarar. Sjokk og følelsen av skamfullheit satt seg i meg. Det var som ein bekreftande dom over kor lite skuleflink eg var. For mine overbevisningar om meg sjølv var ikkje av dei beste på den tida. I etterkant ser eg at dette var noko av det beste som kunne hende meg. For kanskje var det då eg starta mi sjølvutvikling, dog tvungen fram.

Ei overlevelses- og løysningsinnstilling på leit etter håp, vaks fram. Ein tankegang som sa at dette skal eg klare. Med den tankegangen gjekk eg i gang med privatiststudie, slik eg kunne fullføre det påbegynte studie.

Det året lærte eg meg disiplin ved å stå opp, reise til det offentlege biblioteket for å studere. Eg fylgjde skulens vanlige oppmøtetider og ferier. Lærte struktur ved å sette meg mål og fullførte delmåla som måtte til innan kvart fag. Eg lærte meg fokus ved å plukke meg opp att når motivasjonen svikta, og tankane tok meg i feil retning. Og ikkje minst lærte eg meg å stå meir i meg sjølv. For så lenge  ein har overbevisningar, viljen, og motivasjonen til å sette seg overkommelege mål og gå vegen, så klarer ein det mest utrulege.

Med våren kom eksamenstida,  og den følelsen av å ha lykkast med god margin gløymer eg aldrig. Far min har i ettertid sagt at han var imponert over min dedikasjon og gjennomføringsevne det året. Eg har nok aldri heil forstått det før no i voksen alder, men eg er evig takknemleg for utfordringa livet gav meg. Sjølvutvikling skjer ofte når ein blir skubba utanfor komfortsona. Med villigheit til å gå vegen og eit fokus på det oppnåelege finn ein som regel vegen og løysinga.

Eigenutvikling inneheld eit stort spekter av ulike tema. Tema som påverkar våre liv om vi vil eller ei. Bevisst eller ubevisst så blir vi ein del av den gjennom kvardagens krav og u-svingar. Dette er tema som eg vil ta opp her i «mitt tankehjørne».

For eg finn meg ofte i den undrande og nysgjerrige bobla der eg let tankar og overbevisningar flyte i hop. Penn og papir er då ikkje langt unna, slik at ny undring kan kome til utrykk i skriven form. Slikt gir ei større bevisstgjering av tankar og følelsar.


For sikkerheitsskyld så kan det være greitt å opplyse at det du finn her er inga endeleg sannheit. Kun observasjonar gjennom mitt liv, mi karriere, med bakgrunn av egen opplevd erfaring, og  kunnskap erverva frå mine utdanningar og livet sjølv. Er mine skriverier med på å gi deg glede, positivitet og nysgjerrigheit til egen undring i ditt liv, ja då har eg oppnådd mitt mål med denne sida.

Dagens NLP-forutsetning:

«Det er eg som styrer mitt sinn og dermed mine resultat.»

NLP står for Nervo Lingvistisk Programmering/Psykologi.Innan NLP har vi ei rekke prinsipper og overbevisningar som fungerer som gode levereglar til hjelp når utfordringar dukkar opp, eller ein treng motivasjon og fokus som drivkraft fram mot eit mål. Som NLP Helse- og Businesscoach er disse levereglane med meg heile tida godt integrert i ryggmargen min. På same måte som dei hjelper meg vil eg under kvart innlegg notere ned ein NLP-forutsetning som passer inn i tema eg har skreve om. Dette i håp om at dei kan være til like mykje hjelp i din kvardag. Ei lita påminning om kva eg vil du skal ta med deg som ein takeaway fra artikkelen min.

Kilde: Nordic Coach NLP Academy

Skroll til toppen