Lykkast du med dine livsendringar ?

Gjennom mitt yrke kjem eg i kontakt med mange mennesker som er i ein livsendringsprosess. Nokon i små og andre i store. Ofte på leit etter nye vanar som vil gi ein bedre livsstil. Det kan være å få ein kropp som spelar på lag, tone ned stress eller at kvardagens utfordringar krev for mykje energi og gledesfølelsen uteblir. Vi mennesker veit ofte kva vi ikkje vil ha i livet vårt når vi kjem i ein endringsprosess. Fokuset fell på det ubehagelige ein har i livet no, og følelsen av å bli sittande fast i ein tankemønster melder seg.

Ein endringsprosess inneheld fleire delar der det aller viktigaste er å vite kva ein vil ha i staden for den situasjonen ein er i no, eit mål ,ein visjon å jobbe fram mot. Der er det veldig mange som blir svar skyldig. For fokuset har vore så inderleg på å kome seg vekk frå det ubehagelege, at visjonen om noko meir ikkje er til stades. For som med alt anna; har ein ikkje definert destinasjonen for reisa, vil ein kun springe i ring utan mål eller meining.

Enkelt forklart inneheld ein livsendringsprosess nokre trinn som må være med for å lykkast:





.

Først:

Vit at du er villig til å gå heile vegen til mål, uansett utfordringar som VIL dukke opp før du er frame ved din visjon. Og utfordringar vil dukke opp !
Definer utgangspunktet du er i, og bevisstgjer behovet for kvifor du tek endringa du kjenner på. Definer og spesifiser målet. Kva du vil du ha? Er det helsemessig gevinst?  Styrke sjølvfølelse? Tørre å være deg sjølv? Eller er det for å endre vanar?

Målet må være så attraktivt beskrive av deg at det har ein større verdi for deg å kome dit, enn å være der du er i utgangspunktet. Visualiser gjerne, og lag eit fargerikt bilde..
Vær villig til å sjå på dine overbevisningar og tankar. Det er dei som har fått deg til ditt noverande utgangspunkt. Skal du over på ein ny livsstil må gamle tankar og overbevisningar vekk. Dette for å gjere plass til nye tankar og nye vanar. Det vil også inkludere dine følelsar om temaet som du tek tak i.

Neste steg:

Når du no veit kva tankar og overbevisningar som må vekk, må ein iverksette nye steg som fører deg til målet. Nye tankar og overbevisningar må inn, som vil vise deg nye muligheiter og eit større bilde av vegen framover. Bli bevisst dine resursar og ferdigheiter. Dei er ditt verktøyskrin som hjelper deg til å manøvrere deg på vegen mot ditt mål. Som f.eks. : Skifte til nytt fokus, bevisstgjering, struktur, kunnskap, dine evner, bruk potensialet i deg. Det handlar om å lage nye handlingsrammer med ny synsvinkel på sin situasjon.

Få satt ein handlingsplan: Planlegg små overkomelege delmål som fører til det store. Det tok tid å hamne der du er no, og det vil ta tid for å kome i mål. Derfor små delmål slik at du kan føle meistring og motivasjon ved kvart delmål du når. Små steg er også framover. Og når noko uforutsett dukkar opp, fokuser på din visjon, motiver og minn deg sjølv på kvifor endringa er så viktig for deg. Husk å vær fleksibel, for ikkje alt er like klart når ein startar på vegen. Det kan hende ein ser at målet skal definerast endå klarare, eller at vegen må justerast.

La nye vanar få tid til å implementerast i den nye endringa. Ha tolmod, glede, nysgjerrigheit på det nye, vis sjølvomsorg og aksepter prosessen du er i. Vi er sjølve ansvarlege for egen helse. Ofte er det slik at når vi ikkje lenger i stand til å endre situasjonen vi er i blir vi utfordra til å endre oss sjølve. Ta utfordringa og ver prisessen. Det er alltid greitt å ha eit nettverk som støtter ein i prosessen. Føler du at vegen er tung, er det mulig å bestille time innan helsecoaching hos meg der eg hjelper deg på veien.m

Dagens NLP føresetnad:

Modelleringer av vellykkede presentasjoner fører til dyktighet og suksess.

Ved å fokusere på det som virker får du flere valgmuligheter og strategier som fungerer.

Kjelde: Den store NLP- Boka av Wilhelm Lefevre Grimsgaard

Skroll til toppen