
« Slapp heilt av, pust og kjenn at du har støtta på. Sjå på meg så gløymer du at det er andre til stades». Med andre meiner ho resten av gruppa som då er publikum. Eg står ved pianoet og ser på sanglæraren min, det er ein varm sommardag i juli. Plassen er Ranheim, og eg er på sommarkurs i song. »Så synger du My Bonnie.… 1,…. 2,…. 3,… » musikken kjem trillande ut frå tangentane, eg opnar opp munnen for å synge. Ut kjem ein rar, kvesande, svak lyd som minner om ein halvkvalt kattunge. Musikken stopper opp «vi tar det frå begynnelsen igjen», høyrer eg songlærar og pedagog Liv Stoveland seier. Musikken startar, eg prøver med ny giv, opnar opp munnen…, på nytt kjem denne anstrengde skviste lyden ut av munnen min. Musikken stopper på nytt. «Kanskje vi skal ta litt oppvarming « seier Liv oppmuntrande. «Prøv å opne opp meir i brystet, slapp av i kjeven«. Eg pustar inn, tenker i mitt stille sinn at eg er her for å lære, opnar munnen og slepp lyden ut. Det får breste eller bære.
Det er godt over eit år sidan kroppen min sa stopp, og diafragma med hals snurpa seg, slik både pust og stemme forsvann nesten heilt. Godt over halvåret siden eg meldte meg på songkurs som eit ledd i opptrening av stemme og diafragma.
Tilbod om eit todagars kurs i Trondheim virka som ein god ide. Eg såg på det som eit nytt hopp utanfor komfortsona, der eg, pusten og stemma kunne få hjelp til å vekse.
At sangtrening kunne være nyttig for pust, hadde ikkje streifa meg før kroppen stoppa opp, og eg gjorde eit mislykka songforsøk i bilen, som på ny utløyste ei sammansnøring i halsen. Stemmebanda mine var satt ut av spel, og proffesjonell hjelp var ei nødvendigheit. Hjelpa kom i form av ei annonse med tittel Sanghjelpen, med eit tilbod om hjelp med stemma. Universet hadde høyrt meg, og eg takka ja.
Så var eg i gang.
Frå då av vart eg kjent med begrep som hodeklang, brystklang, fonasjonsrør og flaske, støtte, ganeløft, og stemmeregister. At song er mykje teknikk, rett pust og mykje trening, har eg fått erfart dette siste året. Har du ikkje pust har du ingen tone, opnar du ikkje opp i brystet, tør å sleppe stemmen fram, vil ein knyte seg slik både bringe, hals og kjeve strammer seg. Lyden uteblir, og èin svak pipelyd kjem i staden. Det har eg også erfart.
Med ubalanse i pustemønsteret, og eit diafragma som vart stivt og svakt, gav det ringvirkningar til resten av kroppen i form av muskelspenningar i skuldre, nakke og hovud, og ikkje minst til stemma mi som gav meg hostekuler dersom eg anstrengte meg litt, takka være stramme stemmeband .
.



STEMMA, EIT VIKTIG FORMIDLINGSVERKTY
Vi er avhengig av pusten for å lagar lyd. Det gir oss muligheita til å snakke og synge. Diafragma bør være i god funksjon, både på inn- og utpust. Kort fortalt blir då lufta pressa opp til stemmebanda i strupen, og vibrasjonane som då skjer gir lyden. Lyden blir igjen forma og forsterka i munnhola og nasehola. Krafta og kontrollen på stemma blir styrt av mellomgolvet og dei djupe bukmusklane. Berre tenk når du skal rope høgt. Ein kan då kjenne krafta ein samlar langt nede i magen før lyden kjem ut munnen. Klangen på lyden vi vil ha blir forma av kjeve og tunga vår bl.a. Dårlig pustemønster gir stramheit i musklane som trengst for at stemma skal få lyd. Som stramme stemmeband (stemmebanddysfunksjon) som gir hoste og tettheit i halsen, og ein kan då oppleve pustevanskar ved fysisk aktivitet, åndenød og piping frå lungene. Dette kan kome av overbruk av stemmebanda, irritasjon, og stress som var mitt tilfelle.
Mitt turningpoint kom med kurset, og etter den dagen har eg prøvd etter beste evne å slappe av i kjeven. Eg har rekt tunge hit og dit for å få gjere plass til lyden bak i munnen. Eg har undra meg på kvar eg finn støtta som tydligvis skal befinne seg i diafragma og bukmusklaturen. Eg har pusta som ein stor hund og liten hund, medan kattane har sett forskrekka på meg. Prøvde meg på høge tonar, men då sprang kattane ut. For er ikkje teknikken inne så blir lyden så som så. Mi unnskyldning har vore svake og spente musklar i mellomgolvet, og at lyden ville liksom ikkje ut.
Men så er det slik med trening, at øver ein jamt og trutt så løsner det litt etter litt, så også i mitt tilfelle. Stemma kjem seg meir og meir, og det gjer songen også. Teknikkane har blitt forstått på ein betre måte, og støtta i bukmusklaturen og diafragma er funnen. No ligg katten i ro under mine sangøvelser. Ei forbetring der også altså.
«Slapp av i kjeven, pass på att skuldrane er nede og at tunga ligg ned og fram mot tennene». Eg er tilbake på kurset, og stemma til Liv strømmer denne gongen ut frå min PC. Det er morgon og eg er klar til ei ny sangøving. Det har gått nokre månadar sidan eg var i Trondheim. Som flittig elev har eg øvd og finslipt på opning i brystkassa, og øvd på å la pust og lyd få strømme uanstrengt ut gjennom munnen.
»Du kan sitte eller stå, men skal du sitte, sitt litt fram på stolen slik du får rett rygg», seier Liv. Eg retter opp ryggen, litt opp med haka, pustar inn så mellomgolvet fylles med luft. Støtta er på plass så godt det let seg gjere…så er eg i gang ….
Dagens NLP føresetnad:
Hvis et menneske kan lære noe,
kan et annet gjøre det samme
Har ein lyst har ein lov.
Ligg song og musikk ditt hjerte nært, så go for it! Vi lærer ved å modellere andre. Og vi lever i dataalderen, så der er alltid ei løysing som er der for deg. Uannsett kva du har lyst til å lære. Stemma er viktig for oss alle, uansett om vi syng eller skal snakke. Den er vår uttryksmåte saman med vårt kroppsspråk.
Vår sanne stemme inneheld våre følelser, tanker, og verdier. Pusten gir den styrke og stødigheit. Men den kan også avsløre usikkerheit, lav sjølvfølelse, eller ord som ikkje støttar vårt kroppsspråk. Det å øve på sang, tale, og det å snakke tydelig med ei god kroppsholdning, gir styrka sjølvfølelse og tryggheit, og dermed ei muligheit til utvikling i å kommuniserer.
La ingen få stoppe dine ønsker og drømmer. Det er du som styrer ditt sinn og dermed dine resultat. Så sørg for at dine tankar og handlingar samhandlar med dine drømmer.
