Mitt møte med pustens visdom

Ein skulle tru at det å puste var ein enkel sak. Men mi reise siste året har vist meg at det er alt anna enn det. For pusten blir påverka av alt vi står i av fysiske og mentale påkjenningar.

Tankar, følelsar, gleder ,sorger, ytre som indre stress. Alt vi gjer påverke pusten, og er ikkje pustemønsteret vårt optimalt vil det slå ut på kroppen som ulike varselsignal som utmattelse og smerter, før det rett og slett seier stopp.

For min del trudde eg at pusten var grei og fungerande. At eg var tom for energi jamnt og trutt, vart bortforklart. Sjølv gjeremål i kvardagen forsvann ut av sinnet, og vart avskrive med at det var litt mange ballar i lufta. Eg mediterte jo kvar morgon, og holdt kurs der eg snakka om bevisstgjering av pust, så dette hadde eg under kontroll…trudde eg… Så feil kan ein ta.

For min kropp og pustemusklar var slett ikkje einige i det, og ein flott laurdags morgon sa det stopp. I min iver på å lytte til kroppens signaler om å ta det med ro, tolka eg det som at ein  fjelltur er no bra for avkopling.

Ein fjelltur på Sunmøre betyr oppoverbakkar, så etter å ha snigla meg oppover fjellsida som ein bil med motorfeil, sa kroppen plutseleg stopp med eit krampeanfall i mellomgolvet. Resterande pustemusklar og hals snørte seg saman og overlot kun ei lita sugerørsopning for meg til å puste gjennom. Med panikken spøkande i bakhovudet, sto eg der og småsupa luft, medan terapeuten i meg tok den indre dialogen om fokus, roleg utpust og innpust. Ein kunnskap eg er evig takknemleg for, og som hjalp meg tilbake til ein meir normal pust den formiddagen.

Sjukmeldinga kom og med det pause for ettertanke som kroppen hadde ropt om lenge og vel.

Sjukmelding betyr rekonvalisering og ei tid til ettertanke på kva som eigentleg skjedde og årsaka til det.

Kvar på vegen mista eg meg sjølv? Når slo pusten seg over på automatikken og eg miste styringa på den i min kvardag? Kva varselsignal hadde eg fått, men oversett?

Eg hadde latt mitt fokus gå på ytre krav, som igjen gav meg tankekaos og mentalt stress. Det førte til lite indre ro. Tross mine faste meditasjonar kvar morgon der indre ro sto i fokus, varte den kun under meditasjonen før fokuset forsvann over til kvardagens krav og mas.

Som med dei fleste sto kvardagen og jobb ved utgangsdøra å venta. I det meditasjonen var over kom dagens agenda på plass og erstatta den indre roa som var oppnådd. Den rolege pusten blei bytta ut med høgt gir, og stress. Akkurat det som eg hadde prøvd å kome meg vekk frå. Pusten gjekk på repeat, og vart verken høyrt eller forstått, ikkje før den kravde si oppmerksomheit.

Heile hendinga krevde ein total snuoprasjon frå mi side. Tankar og overbevisningar hopa seg opp, og ein stor indre kamp starta mellom meg og mitt ego. Pusten hadde satt meg i sjakkmatt, og uansett mine prøvelsar med å ta kontrollen, trua den med eit nytt pusteanfall dersom eg ikkje lytta til det kroppen trengde, nemleg kvile. Nøkkelordet var samarbeid med pust og kropp.

Lite viste eg då at vegen tilbake skulle innebære songtimar, breathwork, mobilitetsøvelsar, buk-og hypopressiv trening, samt mental trening som då  inkluderte NLP Coaching  (Nervo Lingvistisk Programmering/Psykologi)

.






«DERSOM DET DU GJER IKKJE VIRKAR, GJER NOKO ANNA»

Eit av  dei mange gode forutsetningsprinsippa eg lærde i mi utdanning som NLP coach

Prinsippet handlar om å skifte fokus, være løysningsorientert og ta i bruk ressursane som trengst for å kome til mål. I mitt tilfelle var det å kunne gå i fjellet igjen og fungere optimalt. Ha ei stemme som virka utan at det snørte seg og pressa i brystkassa, eller gav meg eit hosteanfall. Målet var satt og tida for handling sto for tur. Første steg var å få pusten opp til eit fungerande stille. For utan pust kjem ein ingen veg. Valget vart breathwork som har fokus på avspenning og opptrening av diafragma mm. Noko som var ei nødvendigheit for å kome meg vidare.

Forutan fokus på pusten vart mobilitetsøvelsar eit naturlig tilleggsval. Pusten gav indre fleksibilitet, så då var det å vende blikket på ytre smidigheit og få bevegelse i musklar og ledd. Med ein pust som uteblir, må andre musklar kompensere for det diafragma skal gjere. Det skaper ein stram og spent korsrygg og bekken, spent nakke- og skuldermuskulatur, samt stramheit over brystkassa. Då blir det lite rom for innpust og utpust. og ein ineffektivt diafragma er en kropp i ubalanse.

Når ein startar ein snuoperasjon heng også det mentale med. Du veit det som handlar om tankar, følelsar og handlingar. Overbevisningar som må bevisstgjerast slik eg ser kvifor eg havna i grøfa. Her kom mi utdanning innen NLP og mental trening i bruk. Det innebar belysande spørsmål og ein positiv indre dialog. noko som hjelpte meg å halde fokus og motivsjon oppe.

Siste implementering på min vei tilbake til betre pust vart song. Er det nokon som må ha pusten på rett plass så er det dei som brukar stemma som eit instrument. For ingen lyd utan pust, og mi stemme var praktisktalt knepla av stramme og skakkjørte musklar. Så det var ingen vei utanom ein sangpedagog og eit sangkurs. Prossesen som vart satt i gang den seinvitersdagen har gått i sakte fart i lag med pauser. Ein kropp som har havarert treng tid å bygge seg opp, og krev den tida den vil ha.

Så er eg bra igjen ?

Eg er på god vei. Når pust og kropp har fått gått sine egne vegar ei stund tek det også tid å kome tilbake til optimal tilstand. Det er mykje som skal bevisstgjerast av vanar og pustemønster. Diafragma skal gjennopptrenast og spenningar skal pustast ut slik at rett innpust og utpust blir oppretta.

No, nesten 2 år etter er eg fortsatt på reise i pustens verden. Nye vanar har blitt til gjennom pusteøvelser. Dette gir meg meir og meir friheit og energi. Og mobillitetsøvelsar som gir meg smidigheit og balanse i kvardagen. Og går du forbi huset mitt tidleg på morgonen kan det være at du høyrer lydar av song som siv ut. Stemma kjem seg litt etter litt. Katten spring ikkje ut av huset lenger når eg startar mi sangøving og det tek eg som eit godt tegn.

Som Askeladden sjølv vandrar eg forsatt nysgjerrig og tørst etter meir uvurdelig kunnskap og praksis. Med visdom og vekst i sekken min, som eg nok ikkje hadde fått utan mitt møte med pustens kramperop ein seinvintersdag i Sunnmørsalpane.




Dagens NLP føresetnad:

Prosessen er målet

Livet vil alltid ta små og store utsvingar, og lærdom og erfaring vil bli gitt oss uansett om ein vil eller ei.
Då er det viktig med rett tankesett som hjelp ein opp og vidare.
Det å sette seg mål og delmål gjer det lettare å kome seg framover og vidare.
Det å være så bevisst på alle gullkorna som ligg på vegen ein går avlar kunnskap og visdom.
Så skynd deg aldri framover, for du kan då gå glipp av sjølve lærdommen som skulle høstas av den situasjonen du havna i.

Skroll til toppen