Velkommen til mitt tankehjørne
Noko som gir ein følelse av rådlausheit er å havne i situasjonar ein ikkje føler meistring. Ofte er det ikkje sjølve situasjonen som er problemet, men oppfatninga om den, og kva steg som er det neste for å kome seg innanfor komfortsona. Her i mitt tankehjørne er dette noko eg vil skive om. Tema som påverkar og formar oss til den vi har blitt. Det blir om livets opp- og nedturar. Her er eigenopplevde historiar, og bevisstgjeringar om moglegheitene som faktisk ligg framfor oss for å nå våre mål. Alt plukka frå mitt over 20-års arbeide innan helse og sjølvutvikling.
Eg har på livets vei møtt mange flotte og flinke mennesker. Mennesker som har blitt mine lærarar og rollemodellar. Dei har motivert meg, og gitt meg ny kunnskap og visdom. Det blant anna gjennom utdanning som muskleterapeut, aromaterapeut, og seinare innan mental trening, mindfulness lærar og Helse Coach i Nervo Lingvistisk Programmering/Psykologi, I tillegg er eg ein bokorm på leit etter ny informasjon og kunnskap innan mental- og fysisk helse. Det har eg funne hos bl.a, Dr Joe Dispenza (neuroscientist, forfatter, mm), Dr Bruce Lipton (biolog, forfattar).
Mi undring over livets gang er utømmeleg. Det same er mi skrivarkløe som melder seg jamt og trutt. Eg vil her bruke min veg som døme på ned- og oppturar. Du får kjennskap til mine fall, og korleis eg med hjelp av nytt fokus og indre motivasjon reiste meg igjen. Eg har stilt meg sjølv til ansvar for mitt liv og mi helse. Eg har slutta å peike på ytre omstendigheiter som årsak for mine utfordringar, og heller sjå innover på resurssar og ferdigheiter som bur i meg. For livets vegar er ofte turbulente, dersom ein vel å sjå dei slik. Lettare blir det når rammene rundt vårt sannheitsbilete blir skifta ut, og vi vel å sjå situasjonen i eit anna lys.
Til sist; hugs at mine innlegg er skreve ut frå mi sanning. Sett frå mine auger, farga av min kunnskap, mine personlige erfaringar, rollemodellar og inspirerande lærarar. Og det eg skriv er kun til refleksjonar og ettertanke på ditt eige liv. Gi deg rom for å reflekter over dine opp- og nedturar når du les. Tenk over kva overbevisningar du lever etter, og kva du gjer for å nå dine mål. For desse innlegga er skrive med hensikt til å oppmuntre deg som lesar, til ditt neste steg i ditt liv, mot dine mål og draumar. Les dei med hjartet ditt.
Fortell deg sjølv at du har alt som skal til for å nå dine draumar, for:
«Når eit anna menneske kan lære noko så kan du og gjere det same»
- I mitt tankehjørneEr du ein av dei som kan sitte og la tankane fare? Fundere over små og store ting i livet? Alt frå dei kvardagslege ting, til meir djupare grubling på livets utfordringar? Kvifor livet blir slik det blir? Eller er… Les mer: I mitt tankehjørne
- Er du ein god lyttar ?Min undringstanke: For at eit menneske skal bli sjølvstendig og bevisst sine tankar, handlingar og kva som er rett for den enkelte, må deira sjølvstendigheit og bevisstheit bli oppmuntra. Ikkje gjennom råd og veiledning av andre, men med gode bevisstgjerande… Les mer: Er du ein god lyttar ?
- Våre personlige verdiar og overbevisningarHar du nokon gong sagt ja til noko fordi du følte at det var forventa av deg, men magefølelsen din sa nei? Eller kjent på nervøsitet og kanskje litt usikkerheit, men likevel fullførte det som kjennest viktig for deg? Vårt… Les mer: Våre personlige verdiar og overbevisningar
- Mitt møte med pustens visdomEin skulle tru at det å puste var ein enkel sak. Men mi reise siste året har vist meg at det er alt anna enn det. For pusten blir påverka av alt vi står i av fysiske og mentale påkjenningar.… Les mer: Mitt møte med pustens visdom
- Med sangen i mitt hjerte ….« Slapp heilt av, pust og kjenn at du har støtta på. Sjå på meg så gløymer du at det er andre til stades». Med andre meiner ho resten av gruppa som då er publikum. Eg står ved pianoet og… Les mer: Med sangen i mitt hjerte ….











