Tankar og følelsar fører til ei handling

Tankar og følelser fører til ei handling. Ei handling kan være ord som blir sagt eller noko vi fysisk gjer som kjem av det tankane og følelsane fortalte oss. Tankar i form av ein indre dialog, følelser som kjem av orda som blir sagt av oss til oss, i eit sinn som skaper sine bilder utifra dei livsmønstra som allereie er installert der. Ei begrensning av friheit som fortell oss korleis vi skal leve og handle. Korleis vi skal reagere på det vi står ovafor, rett eller gale… Vi handler etter det tankane og orda fortel oss, etter det som kjentes rett der og då. Av ein følelse som vaks seg sterk og berre måtte ut. Vart uuthaldelig å holde på, bære i seg. Men så er det ein gong slik at den forma som ord, tanker, følelser kjennes inni oss ,har ein lei tendens til å forandre seg på vei ut. Og idet den er slept fri… ut i det åpne rom så har den forandra seg og meininga med den…

På ein mystisk måte så vart det ikkje slik orda og følelsen hadde fortalt oss i det indre.

Og ut av det kjem kaos, misforståelser, som bygge opp nye tankar, ord som kan bli som bensin på bålet… det var ikkje slik eg meinte det…. det var ikkje slik det skulle bli…

Nei, for inni oss, inne i oss bur det eit mangfold av ord , følelser ,tanker som har ein lei tendens til å stokke seg slik det passar. Informasjon blir utelatt, fordreia , tolka og omformulert i ditt indre bilde , slik det passa ditt allereide godt programmerte sinn, slik det passa inn med ditt syn på den ytre verden… jammen… Du misforstår meg…

…. hadde du ikkje gjort det… sagt det, så hadde det ikkje vorte slik…

Vi er så flinke med å peike finger, så inderlig flink til å handle ut i fra eit såra hjerte der følelser har blitt trakka på…

Av og til, sånn inni mellom kan det være lurt å stoppe opp, kjenne på desse orda, denne indre dialogen som skaper alle desse følelsane. Stoppe opp og faktisk sjå på kva dei fortell oss, kva som ligg bak dei, om det faktisk har seg slik som det kjennes… eller, kan det hende at bakom alt dette kaoset av tankar og følelser ligg ei usikkerheit, eit ego som etter beste evne prøver å beskytte oss gjennom denne tolkinga , utelatelsen… og at det faktisk handlar om det å bli sett, hørt og akseptert. Det å tillate seg å være seg sjølv fra innerst til ytterst. Å være sitt unike jeg, med alle dei fantastiske sidene som bur i kvar av oss, det som gjer oss til oss og ikkje ein kopi av nokon andre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Skroll til toppen