Våre personlige verdiar og overbevisningar

Har du nokon gong sagt ja til noko fordi du følte at det var forventa av deg, men magefølelsen din sa nei? Eller kjent på nervøsitet og kanskje litt usikkerheit, men likevel fullførte det som kjennest viktig for deg?

Vårt verdisystem er våre grunnleggjande levereglar, og fungerer som eit indre kompass. Dei styrer våre valg og handlingar. Så når vi følger våre verdiar føler vi ein form for sjølvrespekt. Om vi derimot går i mot våre verdiar vil det gi negative følelser i oss utan at vi kan adresserer det spesifikt. Dei same negative følelsane kan slå ut dersom andre trakkar på dine verdiar og det som du føler er viktig for deg.

Ved å bevisstgjere våre verdiar ovanfor oss sjølve, klarer vi tydeligare å sjå kven vi er, og om det samsvarar med den vi vil være. Vi ser våre val og kvifor vi handlar slik vi gjer, og det er viktige steg mot eigenutvikling og personlig vekst.

.

Døme på verdiar :

Fred
Friheit
Fokus
Sanning
Ærligheit
Kjærleik
Omsorg
Vennskap
Familie
Tryggheit

Disiplin
Nysgjerrigheit
Mot
Struktur
Tilhørigheit
Takknemligheit
Humor
Glede
Kreativitetegrenser din framgang i livet. 

Det som kan være utfordringa med verdiar er at vi alle har vår definisjon på den, og betydninga av den.

Ta verdien vennskap for eksempel. Vennskap kan bety mykje for kvar enkelt. Er di overbevisning om at vener stiller opp og støtter kvarandre er nok du ein som gjer akkurat det, støtter og stiller opp for dine vener. Så kvar enkelte sin definisjon på verdien ein har, vil skape eit tankesett og adferd som harmonerer saman. Sidan ein definerer verdiar forskjellig kan det også skape misforståelsar sidan ein ofte går utifra at vi har same definisjonen på verdien.

Ta feks. døme på ulike definisjonar av ordet vennskap:

Vennskap betyr at ein alltid er sannferdig mot kvarandre
Vennskap betyr at ein er der for kvarandre og gir tryggheit
Vennskap betyr tilhørigheit og omsorg.

Er sannferdig høgast på din rangstige når det gjeld vennskap, og du har ein venn som sett tryggheit høgre ein det å være sannferdig, kan det naturlig nok by på ei utfordring.

VERDIAR GÅR HAND I HAND MED VÅRE OVERBEVISNINGAR

Så kva er ei overbevisning? Jau det er meiningar som vi anser som vår eiga sanning, sjølv om dei ikkje er basert på fakta eller er logiske for andre. Overbevisningar avgjer korleis vi ser på oss sjølv, på andre og samfunnet rundt oss gjennom våre tankar, følelser, synspunkt, bedømmingar og tolkningar.

Våre overbevisningar vert forma via våre sanseinntrykk frå barndom og opp gjennom ungdomstida. Slik som for eksempel våre erfaringar, foreldre og eksterne miljø som dannar eit indre miljø, samt kulturelle normar og sosiale forventningar. Vi mennesker ser etter andre og opprettar tillitsforhold. Ved å kopierer synspunkt og meiningar får vi overbevisningar som formar vår persepsjon og adferd. Det fører til ein uttrykksmåte etter korleis vi  tolkar situasjonar. Lav sjølfølelse og lite tru på seg sjølv er overbevisningar som kan ha kome av ei tru vi har gitt oss då vi ikkje følte mestring.

Har ein først fått ei overbevisning er den ofte ankra godt fast i oss, og vi vil føle motvilligheit om vi må bytte den ut med ei meir oppdatert overbevisning, der ein ser eit støre bilde av situasjonar. Dette gjeld spesielt dersom temaet er politikk, religion, helse og etikk.

Døme på overbevisningar som hindrar oss til vidare utvikling:

Eg er ikkje flink til noko
Nei ,dette går ikkje
Dette går aldri bra
Det har eg prøvd før ,så det får eg ikkje til.
Eg liker ikkje å lese høgt.
Eg likar ikkje matmatikk
Eg likar ikkje å skrive

Eg er dum
Eg er så dårlig på det
Det er ingen moglegheit for at eg …
Eg må berre …
Folk forventar at eg  …..
Hadde eg berre hatt ….

 

Slike overbevisningar fører til begrensande vekst, og vil hinder ein sjølv til å kome vidare mot sine ønsker og draumar.

Derimot kan ein snu på overbevisningane og seie:

Det har eg ikkje prøvd før så det får eg nok til
Det går nok bra med med litt hjelp
Det skal eg få til ,med litt villigheit og fleksibilitet frå mi side.
Eg  har alle ferdigheiter som eg treng for å lykkast


Det å ha gode overbevisningar som motiverer og skaper engasjement, gir omsorg på vegen til sjølvinnsikt og god sjølfølelse. Ein må tørre å utfordre sine begrensninger ved bruk av allerede erverva kunnskap og ressurser.

Eg personlig har lært meg veldig gode overbevisningar gjennom mi utdanning med NLP. Dette er overbevisningar som går under navnet NLP forutsetningar i mine innlegg. Dei hjelper med å skifte fokus og bevisstgjer kva som eigentleg er bildet i situasjonen eg befinn meg i. Det hjelper også med motivasjonen og det å sjå framover mot satt mål.

Dagens NLP føresetnad:

Kartet er ikkje virkeligheita

Vi mennesker er sansebaserte, og vi oppfattar alt gjennom våre sansar.
Dette blir tolka og omgjort til våre personlige erfaringar.
Slik vert våre verdiar og oppfatningar skapt. Det blir til vår sanning,
og betyr at kvar og ein oppfattar ting ulikt.
Villigheit og bevisstgjering er to viktige nøkkelverdiar som kan være til hjelp
når det gjeld å få oppgradere kartet ditt som omhandlar di virkeligheit.

.





VEGEN Å GÅ

Som du no veit er det verdiar og overbevisningar du styrer livet ditt etter. Då bør det være du som også sit ved roret og bestemmer vegen du skal. For sit ikkje du ved roret i ditt liv er det ganske sannsynleg at det er andre som påverkar og styrer deg den veien som tener dei.

Vi kan oppgradere våre verdiar og tilhøyrande overbevisningar gjennom livet. Slike verdiar får ei ny meining gjennom ny tankegang. Nye overbevisningar kjem med ny kunnskap og erfaring.

Det første steget å ta for å oppdage sine faktiske overbevisningar og verdiar på, er å bli bevisst sine følelsar og reaksjonar gjennom ein kvardag. Korleis kommuniserer eg, og kva følelsar ligg i bakgrunnen når eg seier det.

Ha penn og papir liggande klart, slik du kan notere ned dine verdiar og reflektere over dei. Ver oppmerksam på korleis dei pregar kvardagen din. Lag ei topp fem liste, så ser du tydlegare kva som påverkar dine val. Spør deg kvifor dei står på lista di? Noter tankar og overbevisningar som føljer verdiane dine.

For våre verdier gjenspeiler seg i våre valg. Store og små val som kvardagslege rutinar til val av studiar, jobb og partner.

Kva du vil ha og ikkje ha i livet ditt.
Kva du har prestert og er stolt av, og kva du fryktar.
Er du eit menneske som du sjølv hadde valgt som venn? Begrunn?

Ser du på kva du bruker mest tid og pengar på, vil du også finne verdiar som står på verdilista di. Same blir det med kven du søker informasjon hos, og kva kilder og bøker ein brukar for å finne kunnskap. Kven respekterer du? Kva er grunnen til det og kva eigenskapar har dei ?

Gjennom ei bevisstgjering ser ein klarare kven sine verdiar ein lever etter, og om det kan vere andre verdiar som kan hjelpe ein mot ein betre kvardag. Det same blir det med dei overbevisningane ein har, og om dei faktisk tener ein slik ein trudde. Lite tenlege overbevisningar blir til ei begrensning som stoppar ein frå å nå drøymar og eigenutvikling. For til meir du forstår kva som er ditt drivstoff i kvardagen og styrer din åtferd, til lettare blir det å velje det tankesettet og dei verdiane som er rett for akkurat deg.

Skroll til toppen