IMG_6846

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka til å endre det»

Slide2

«Det finnest ingen begrensningar, utan dei du sjølv skapar.
Sjå dine potensial, og nå nye høgder.»

Slide3

«Fleksibilitet er ei gåve til oss sjølve.
Det forenklar livet og tillet deg å sjå muligheitane som er fint pakka inn.»

IMG_5346

«Bevistheit er den største drivkrafta til forandring»

Slide 5

«Med eit travelt sinn vil svara du leitar etter aldri kome.
Ikkje før sinnet stilnar, kan du høyre hjarte sin visdom»

Slide 6
PlayPause
previous arrowprevious arrow
next arrownext arrow

Akupunkturklinikken

Tanja Heggen

Encefalon – Høgskole, Oslo : grunnfag og mellomfag i medisin Akupunkturhøgskolen, Oslo

Kva er Akupunktur ?

Tradisjonell kinesisk akupunktur er ein gamal diagnostikk -og behandlingsmetode som har blitt nytta i Østen i fleire tusen år. Det er ein trygg og effektiv behandlingsteknikk og eit godt supplement og alternativ til vestleg medisin. Gjennom samtale og bl.a tunge- og pulsdiagnostikk kjem akupunktøren fram til behandling som er tilpassa kvar enkelt. Sjølve behandlingsforma blir utført ved bruk av tynne nåler i utvalde punkt, som då stimulerer kroppen sine energibaner med den hensikt å ivareta/ gjenopprette balansen i kroppen. I akupunkturfaget har ein fokus på ei heilheitleg forståing av korleis det fysiske, emosjonelle, mentale og psykiske i menneskekroppen gjensidig påverkar kvarandre. Dersom det oppstår ubalanse i kroppen sitt energisystem , kan det skape forstyrringar som kan forårsake smerter og sjukdomstilstandar – akutte så vel som kroniske.

Vanlege behandlingsområde: Hovudverk/migrene, Allergi, Biholebetennelse – akutt/kronisk. Muskel- og skjelettplager /smertetilstandar Stressplager Søvnvanskar Menstruasjonssmerter/-problematikk, Plager ifbm overgangsalder, Svangerskapskvalme, Modningsakupunktur før fødsel/igongsetjing av fødsel Ufrivilleg barnløyse Mage-tarmproblematikk Nevropati Smertetilstandar UVI, ME, med meir,…

På Akupunkturklinikken blir  du møtt av ei blid og hyggelig dame som heiter Tanja Heggen. Med snart 20 års erfaring i eigen klinikk (starta i januar i 2004) , er ho ein svært rutinert og erfaren akupunktør og gjer behandlinga til ei trygg og avslappande oppleving for deg. Det å sjå kvar enkelt og lytte til det du har å fortelje er viktig for henne før ho tilretteleggjer ei individuell behandling ut ifrå det du har formidla.

Sjukdomsmønster / grad av plager er unikt for kvart enkelt individ. Det personlege behandlingsopplegget består av at tynne nåler blir plassert i spesifikke akupunkturpunkt. I tillegg kan ein nytte elektroder på nålene 😊 elektroakupunktur), som bidreg til å forsterke akupunkturnålene sin effekt. Akupunkturklinikken tilbyr òg kopping/koppemassasje, som aukar sirkulasjon i muskulatur og bindevev. Både akupunktur og kopping er sirkulasjonsfremjande, avstressande og energigjevande og det er difor også mange som oppsøkjer klinikken for forebyggjande behandling og velvære ; ein treng ikkje å vente til ein  blir sjuk for å nytte tradisjonell kinesisk medisin – å førebyggje er alltid enklare enn å behandle. Å ha ei innstilling om at forebyggjande behandling er ei god investering i eiga helse er alltid greit å ha og det kan spare deg for mykje unødvendige smerter og plager.

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.
Navn

Kontakt info

Epost: tanjaheggen@proton.me
Tlf. 48117515

Adresse

Torggata 1, 6150 Ørsta

Åpningstider

Mandag – Torsdag: Etter avtale
Fredag: Stengt

Skroll til toppen