IMG_6846

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka til å endre det»

Slide2

«Det finnest ingen begrensningar, utan dei du sjølv skapar.
Sjå dine potensial, og nå nye høgder.»

Slide3

«Fleksibilitet er ei gåve til oss sjølve.
Det forenklar livet og tillet deg å sjå muligheitane som er fint pakka inn.»

IMG_5346

«Bevistheit er den største drivkrafta til forandring»

Slide 5

«Med eit travelt sinn vil svara du leitar etter aldri kome.
Ikkje før sinnet stilnar, kan du høyre hjarte sin visdom»

Slide 6
PlayPause
previous arrowprevious arrow
next arrownext arrow

Meditasjon

I ein hektisk kvardag blir vi ofte tvungen til å ha fokuset retta mot det som foregår rundt oss for å henge med i den daglige rutinen. Men alle har vi eit behov for å stoppe opp litt i blant, få eit pust i bakken ,søke innover til stillheita , gjerne gjennom meditasjon. Meditasjon betyr å bli kjent med, og det er akkurat det du blir når du set av tid til deg sjølv. Du legg ut på ei reise som gir deg moglegheita til å bli kjend med deg sjølv. Ei reise til ei indre ro , og inn i hjertets visdom.

Meditasjon består av ei rekke forskjellige teknikkar der mindfulness er ein av dei .Medan meditasjon er ei indre oppdagelsesreise, er mindfulness ei oppmerksomheitstrening som går ut på å være tilstades, her og no. Konsentrasjonen og fokuseringa som kjem med oppmerksomheitstreninga, kan gi deg ei større bevisstgjering av tankar og handlingar. Tanker og handlingar vi til dagleg ikkje er bevisst, men likevel utfører.

Forskning viser at 95% av det vi gjer gjennom ein dag er ubevisst. Det vil seie at vårt bevisste sinn berre kontrollerer 5 % av livet vårt ,altså kva vi er klar over av det tenker og handler gjennom ein dag og valga vi tek. I tillegg er 70 % av våre handlingsmønster lagra i underbevisstheita negative og begrensande .Så 95% av tida går vi bokstavleg talt med repeat-knappen på, uten å være klar over det, med tankar som ofte stresser oss og tappa energi. Denne stress knappen hindrar oss faktisk til å være her og no, og det å kjenne på ei stillheit,indre ro, slik at vi bli bevisst på våre tankar, og valg. Her kan meditasjonen hjelpe deg.

Gjennom meditasjon klarer ein å få meir distanse fra jaget som er rundt, og å ikkje bli tatt av kvardagens stress. Lære seg at sinnet er eit verkty som kan brukast, og ikkje noke som skal kontrollere deg . 
Meditasjon er eit effektivt verktøy som kan gi deg fleire positive påvirkningar i ditt liv. For å få denne effekta må det også brukast. For meditasjon er ein praktisk øvelse som ikkje gir resultat om ein kun forheld seg til teorien. I løpet av dei siste årtier har vitenskapen utforska meditasjonens virkning, og fordelane ved å meditere jevnleg. Det den har kome fram til er fleire positive sider .Bla. viser forskning positive forandringar i hjerna som handlar om hjernas evne til å danne synaptiske forbindelsar. Dette er relatert til hukommelse, sjølbevistheit og medfølelse. Den viser også å reduserer stress, fremme forbedring i kommunikasjon, samt redusering av blodtrykk, forbedra søvnkvalitet og redusert nedstemthet mm.

Gjennom å bevege seg ut på ei meditativ reise lærer ein seg å navigere mot ei større bevisstheit. Ved å ha eit behagelig uforstyrra rom for seg sjølv, sette av litt meg tid , lager ein seg ein timeout plass der du står i hovudrolla. Ein plass der du kan finne tid til deg sjølv for å fylle på med energi og positivitet som følge deg vidare i kvardagen. Være meir fokusert ,her og no, på plass i deg sjølv.

Meditasjonskursa eg tilbyr innheld forskjellige teknikker som mindfulness, fokustrening, guidede meditasjoner der ein går på ei indre reise, konsentrasjons meditasjon med mantra og hjertemeditasjonar. I tillegg har eg forskjellige tema som skal gi deg tid til ettertanke og egenutvikling . For uansett kva meditasjon du begir deg utpå, så vil den ta deg med på ei bli kjent med reise. Då er det greit å ha ei lita innføring i kva som faktisk gjer livet vårt, og korleis ein kan få eit tenelig tankesett som fører deg mot muligheitane.

Eg held kurs innan Mindfulness/Meditasjon både for grupper, og for enkeltpersonar då som privat undervisning. I tillegg kan eg tilrettelegge kurs for grupper (5-10 personar ) på bestilling. dette også for bedrifter ved ønske.

Skroll til toppen