IMG_6846

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka til å endre det»

Slide2

«Det finnest ingen begrensningar, utan dei du sjølv skapar.
Sjå dine potensial, og nå nye høgder.»

Slide3

«Fleksibilitet er ei gåve til oss sjølve.
Det forenklar livet og tillet deg å sjå muligheitane som er fint pakka inn.»

IMG_5346

«Bevistheit er den største drivkrafta til forandring»

Slide 5

«Med eit travelt sinn vil svara du leitar etter aldri kome.
Ikkje før sinnet stilnar, kan du høyre hjarte sin visdom»

Slide 6
PlayPause
previous arrowprevious arrow
next arrownext arrow

Balanz Ørsta blei etablert i November 2005. Her er Muskelterapi, NLP Helsecoaching og NLP Business coaching. Kurs i Meditasjon og Mindfulness er også eit tilbod, enten som enkeltperson eller i bedrift.

Ann-Elise Røv Overå
Grûnder og driavar av Balanz Ørsta

Aromaterapeut og Reflexologi
Hudpleiear
Sertifisert muskelterapeut – Godkjent i Norges Massasjeforbund Eksamen i Triggerpunkts behandling med nåler
Eksamen i Grunnfag Medisin
Studier i Clairvoiance og Mediumskap, Arthur Findlay College – Stansted England
Sertifisert NLP Practitioner
Sertifisert NLP Master Practitioner
Sertifisert NLP HelseCoach
Sertifisert NLP BusinessCoach
Sertifisert Mindfulness lærar
Mental trenar

Som muskelterapeut har eg massert, tøyd og løyst opp mang ein muskulatur slik at spenning og sårheit slepp taket. Med lang fartstid innen yrket, har eg vore så heldig å fått opparbeid meg trufaste klienter som stadig vender tilbake medan nye kjem til.

Samtidig har det også alltid vore viktig for meg å kunne jobbe tverrfaglig, det å kunne sende klienten vidare til andre dyktige terapeuter når ein sjølv kjem til kort. Eg har ei tru på at det å evne å sjå kvar klient, kva som gir beste helsegevinst for kvar enkelte er alltid eit pluss både for mi behandling og for klienten sin ve og vel.


Som bedriftseigar kviler ein sjeldant på noko lauvbær. Med kursing og skulegang har det ført til utvida tilbud på klinikken. I tillegg til muskelterapi tilbyr eg no også Meditasjon/Mindfulness kurs, Energibalansering og NLP Helse og Business Coaching.


Gjennom heile mi yrkeskarriere har eg jobba med folk og helse. Møtt mange hyggelige mennesker som har gitt meg uvurdelig erfaring og kunnskap b.la. om kor ulikt vi mennesker tenker og oppfatter omverdenen,og Ikkje minst korleis vi løyser dei ulike utfordringane vi møter på.

Utfordringar som kan bli til begrensningar og såleis ei hindring både i kvardagen og mot måla vi set oss.

Vi støter alle på utfordringar gjennom livet, nokon er små, andre er store.
Det som er avgjerande er korleis vi reiser oss oppatt etter å ha snubla både fysisk og mentalt, korleis vi vel å sjå på det vi står i , og kva steg vi velg å ta. For vi har alltid eit valg om korleis vi vel å oppfatte situasjonen vi står i, kva fokus punktet vårt skal kvile på. Og det er faktisk det som avgjer kva for tankar, overbevisninger og handlingar som kjem ut av det du står i .

I tillegg til å ha ei interesse for vår fysiske helse har nysgjerrigheta for den mentale helsa vore der heile tida. Gjennom mi yrkeskarriere har eg sett kor mykje den har å seie for vårt ve og vel i kvardagen, og ikkje minst å sjå kor avgjerande god mental helse er for at den fysiske skal være tilstades.
Vi lever i ei verd full av utfordringar, og noko av det viktigaste eg som terapeut og lærar kan gjere er å være det eg videreformidler og jobber med på ein autentisk og sannferdig måte. Hjelpe kvar enkelt til å sjå sitt eige potensiale og ressurser slik dei kan ta det i bruk mot eigne mål.

Sjølv om vi alle har ansvar for eiga helse, er eg der gjerne for deg og hjelper deg på veien gjennom å være din Muskelterapeut, NLP Coach, motivator og medhjelper. Oppmuntre deg til å utfordre deg sjølv og dine grenser.
Overbringe kunnskap og teknikker til deg slik at du kan bruke det vidare i di eiga utvikling. Uansett om det er spenningar og muskulære utfordringar, det å få fram sitt potensiale og nå sine mål gjennom struktur og coaching. Eller om det handlar om at kaoset og tidsklemma har tatt deg og du føler eit behov for klarheit og indre ro gjennom mindfulness og meditasjon. Så ønsker eg deg velkommen innom Balanz Ørsta for ein hyggelig prat med råd og veiledning til det DU treng hjelp med.

Skroll til toppen