IMG_6846

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka til å endre det»

Slide2

«Det finnest ingen begrensningar, utan dei du sjølv skapar.
Sjå dine potensial, og nå nye høgder.»

Slide3

«Fleksibilitet er ei gåve til oss sjølve.
Det forenklar livet og tillet deg å sjå muligheitane som er fint pakka inn.»

IMG_5346

«Bevistheit er den største drivkrafta til forandring»

Slide 5

«Med eit travelt sinn vil svara du leitar etter aldri kome.
Ikkje før sinnet stilnar, kan du høyre hjarte sin visdom»

Slide 6
PlayPause
previous arrowprevious arrow
next arrownext arrow

Muskelterapi

Muskelterapi er ein djuptgåande behandlingsteknikk som består av ein kombinasjon av forskjellige behandlingsformer som bla idrettsmassasje, klassisk massasje, triggerpunktsmassasje og terapeutisk stretching, og har ei direkte innvirkning på muskulaturen. Som tilleggsverktøy er kopping og triggerpunktsbehandling med nåler, fine å bruke for å få ein raskare effekt på behandlinga.

Muskelterapi vert ofte gitt i forbindelse med spenning i bla nakke, hovud, skuldrar og rygg.

Som muskeltarapeut har ein fokus på å løyse opp spenningar i muskulatur og bindevev. Dette kan hjelpe på at spenningar og smerter forsvinn, og at ein får ei bedring i blodgjennomstrøyminga på staden. Gjennom muskelterapi kan ein oppnå:

*Auka næringsopptake i musklaturen
*Smidigare og meir elastisk musklatur
*Reduserer smerte, stivheit og spenningar i musklaturen
*Forbedra koordinasjon og restitusjon
*Auka lymfesirkulasjon
*Beroligande effekt på nervesystemet
*Vælvære for kropp og sjel
*Hormonfrigjering av bla. oxitocin som roar ned kroppen og har viktige funksjonar av indre organ .




Forskjellen mellom massasje og muskelterapi er at ein muskelterapeut har fokus på å jobbe med dei indre laga i musklane, bindevevet, og senene. Ein går djupare inn i musklaturen for å løyse opp og reduserer eventuelle smerter eller stivheit, som måtte være der. Då blir det også naturleg at ein jobber med større direktheit og press på områda som skal behandlast.

Samtidig er det også viktig for meg å kunne jobbe tverrfaglig. Det å kunne sende klienten vidare til andre dyktige terapeuter når ein sjølv kjem til kort er eit valg eg tek når det er det beste for klienten. Ofte er det viktig å få behandling med andre slik at den behandlinga eg gir blir optimal. Det være seg kiropraktikk, akupunktur, fysioterapi eller at ein må legge veien innom lege og vidare derifra. Første bud er å alltid ha kunden sitt ve og vel i tankane.

Det vert bla. lagt stor vekt på å gi klienten ein forståelse for dei negative bevegelsesmønstra som er årsak til plagene. Klienten får informasjon om musklane sin funksjon, slik at det vert lettare å forstår viktigheita av å styrke og strekke dei rette muskelgruppene. Etter ei behandling kan ein oppleve å bli sår i musklaturen. Dette kjem ofte av at ein har stimmulert ein muskel eller område som ikkje har vore direkte aktivisert på ei stund. Det er då normalt å kjenne på ei muskelstølheit grunna den fysiske responsen av kroppens prosess i å helbrede seg sjølv

Skroll til toppen