IMG_6846

«Start med trua på at ditt liv kan bli forandra,
og at du har styrka til å endre det»

Slide2

«Det finnest ingen begrensningar, utan dei du sjølv skapar.
Sjå dine potensial, og nå nye høgder.»

Slide3

«Fleksibilitet er ei gåve til oss sjølve.
Det forenklar livet og tillet deg å sjå muligheitane som er fint pakka inn.»

IMG_5346

«Bevistheit er den største drivkrafta til forandring»

Slide 5

«Med eit travelt sinn vil svara du leitar etter aldri kome.
Ikkje før sinnet stilnar, kan du høyre hjarte sin visdom»

Slide 6
PlayPause
previous arrowprevious arrow
next arrownext arrow

NLP Coaching

Kva er NLP Coaching?
NLP står for Nervo Lingvistisk Programmering /psykologi. Enkelt forklart handler det om å få ein forståelse for sine egne handlingar, tankemønster og korleis ein kan påvirke dei for at ein sjølv skal nå sine mål. Ein kan seie at det blir ei form for hjelp til sjølhjelp der ein vert bevisst på korleis ein tenker, føler og handlar. Ved å sette søkelyset på eige tanke – og handlingsmønster, kan det føre til auka bevisstgjering og oppmerksomheit på eigne begrensande tankar og handlingar. Då er det lettare å byte dei ut med meir nye og tenlege tanke -og handlingsmønster, som igjen kan føre ein fram til det ønska målet.
Nervo står for korleis du tek inn og prosesserar all informasjon som kjem til deg i  løpet av ein dag, gjennom dine sansar ,og korleis du lagrar disse sanseopplevingane.
 
Lingvistisk er språk og kommunikasjon. Non verbalt og verbalt, og korleis ein tolkar ord som blir sagt, og korleis ein let seg påvirke av dette..
 
Programmering handler om ditt forståelsesmønster, og dine overbevisningar frå tidlegare erfaringar som du har lasta ned og brukar. Ofte ubevisst for å nå dine mål. Erfaringar som er eit produkt av fortida, lagra i underbevisstheita som kjem til uttrykk gjennom tankar og reaksjonsmåtar. Disse programma som blir di sanning, formar din kvardag og kan fungere som ei begrensning, eller potensialer fylt med muligheiter og framgang.

Gjennom NLP Coaching lærer vi å sjå våre tankar, overbevisningar og situasjonar med nye auge. Dette kan kan gi deg ny forståelse og nytt syn på utfordringar du har. Det kan hjelpe deg med din sjølfølelse, di innstilling og ikkje minst eit nytt fokus på kva du vil ha i livet ditt.
 
Min jobb som coach er å være din sparringpartnar og motivator. Lytte til det du seier, observere og utfordre ditt gamle tankesett. Din rolle er å være open, sjå moglegheitane som ligg framom deg. Være villig til å ta tak i det DU treng hjelp til slik at eg som coach kan hjelpe deg via spesifikke spørsmål og oppmuntring slik du stig  utanfor di komfortsone og finn svara.
For det er DU som innehar alle dei svara du leitar etter. Det einaste DU treng er den rette fokusen og strategien som fører deg dit, og det er det EG som kan hjelpe deg med.
 
Sjølve Coaching-prosessen er ein interaktiv prosess som foregår mellom coach og kunde. Sjølve coachinga er like vanlig å legge utendørs i naturen, som innendørs. Ein kan og nytte telefoncoaching eller over internett.

Kva kan du oppnå ved hjelp av NLP Coaching:
*Realisering av dine ønska mål 
*Sjå moglegheitene og valga som du har rundt deg 
*Kommunisere bedre
*Målsetting 
*Oppdage dine ressursar og potensiale
*Få struktur 
*Bli fleksibel 
*Eigenutvikling
*Auka livskvalitet 
*Få hjelp til eigen hjelp
*Helsefremmande endringar
*Bevisstgjering m.m.

Helsecoaching :
Her jobber ein med klientens helsetillstand, der vedkommende set seg mål for å fremme sin eigen helsetilstand, gjennom strategiar, meistring og ulike aktivitetar. Gjennom kraftfulle spørsmål og utvalgte metodar kan ein få  hjelp til endring i livsstil for å holde seg frisk og energisk .
Samtalen mellom coach og kunde består i spesifikke spørsmål med fokus på
*kva ein vil ha hjelp med?
*kva er det ønska mål?
*kva strategi, verdiar og ressursar treng ein å hente fram på vegen mot mål?

Businesscoaching:
Er ein prosess der ein hjelper klienten med å nå sine mål innan karriere, jobb, utdanning og personlege mål. Det kan fremme sjølvrealisering, identifisering og utvikling av kvar enkeltes sterke sider, og ikkje minst ta ansvar for eiga utvikling, slik ein kan nå sitt potensiale, og ønska mål.

Skroll til toppen