Verdiar og overbevisningar – Del 1 / 2

Har du nokon gong vore i ein situasjon der du har sagt ja til noko fordi du følte det var forventa av deg, men magefølelsen din strittar imot ? Eller at du fikk seie noko som gav deg ein virkelig god følelse ?  Disse følelsane som kjem og går i kroppen vår følger ofte våre verdiar og overbevisningar. Så kva er eigentleg ein verdi og kva er ei overbevisning ? Verdiar er våre prinsipp som vi lever etter, altså det som er viktig for deg. Overbevisning er di sannheit knytt opp mot den bestemte verdien, og tilsaman får du ei handling som imøtegår verdien din, ofte ubevisst. Så lenge du ikkje aktivt går inn for å kjenne etter kva verdi du lever etter, er ein heller ikkje bevisst på sine overbevisningar som er knytt opp mot dei, og adferda disse gir i kvardagen vår.

Ein verdi kan være :
-tryggheit
-friheit
-tillit
-respekt
-sannheit
-familie
-vennskap
-samhald
-integritet
-fred

Verdisystemet vårt ligg som eit ubevisst hiarki der ein verdi er viktigare enn ein annen og varierer alt etter kva situasjon du er i. Så korleis finn vi ut kva våre overbevisningar og verdiar er. Jo, ei overbevisning er ofte omgitt med ein følelse. Så føler du deg positiv, glad, tilfreds, blir dine verdiar overholdt, det motsatte skjer når dine verdier ikkje bli respektert. Og med stor sannsynlighet så kan det være ein sjølv som trampa på dei, eller nokon andre rundt oss. Så når du føler frustrasjon, sinne, sårheit er det nokon av dine verdier som blir overkjørt i den situasjonen du befinn deg i. Kanskje du er i ein situasjon der du er umotivert og du kjenner at du eigentleg ikkje bryr deg. Dette er mest sannsynleg  fordi ingen av dine verdier er berørt i samtalen du er i. Så det å bli bevisst handlingane, og følelsar du har i situasjonar (ser, høyrer, opplever) vil fortelle deg ganske mykje om kva verdi og overbevisning du har. Som døme kan vi ta verdien – vennskap. Vennskap kan bety så mykje for kvar enkelt, så har du ei overbevisning om at i eit vennskap skal ein være ærleg med kvarandre, så vil du alltid være ærleg i dine vennskap. Har du ei overbevisning om at ein venn alltid skal støtte og vise omsorg, så støtter og viser du det i dine vennskap. Er ein venn ein som stiller opp når ein treng det, ja då er du mest sannsynleg den som stiller opp for ein ven. Så kva meining kvar enkelt putter inn i ordet vennskap og verdien det har for oss, vil gi oss måten vi opptrer som ein ven. Det er slik vi anser at ein ven skal være, og det gir oss vennekretser som harmonerer med våre verdiar. Ein verdi kjem med ei overbevisning som kan innehalde andre verdier.

Døme : 
Vennskap betyr sannhet
vennskap betyr tryggheit 
vennskap betyr tilhørigheit

Så forskjellen på kva meining, overbevisning ein har om ordet vennskap, vil bestemme kva andre verdier ein held høgt. Har du meining om at ein venn er ein som alltid seier sanninga til deg og i tillegg er ein som støtter deg i alt du gjer, kan ein få eit dilemma. For det er ikkje alltid slik at sanninga vil gjere at ein står trygt i seg sjølv… så då kjem det ann på kven av dei to verdiene tryggheit og sanning som står øverst på lista di over dine.  Så det å være bevisst sine verdier og kva dei står for i forhold til kvarandre har sine fordelar sidan det hender at dei faktisk kan stå i konflikt med kvarandre. Er det då mulig å forandre verdiar og overbevisningar ? Jepp, det er det, og spesielt dine overbevisningar. Første steg er å bli bevisst på overbevisningar og verdier som du har og korleis dei tener deg. For det som er heilt sikkert er at dine overbevisningar som du tilegna deg ein gong i livet har hatt ein nytteverdi for deg. Og så har du holdt på dei  fordi dei hjelpte deg i å oppnå noko du såg viktig då. Ei anna side er også at dersom du ikkje er bevisst dine verdiar, er det ganske sannsynlig at du lever ditt liv etter andre sine verdiar og overbevisningar som du implimenterte  gjennom livets motgang og medgang. Så når du er bevisst dine verdiar og overbevisningar vil det hjelpe deg i å oppnå det du vil ha. Eller dei kan stoppe deg i å gå etter ting som går imot. Ei anna side er at dine overbevisninger kan også begrense deg i å nå dine draumar, eller sjå andre muligheiter fordi du er så hellig overbevist på dei overbevisningene du har er rett, at ein ikkje vurderer å sjå fleire sider av ei sak. For til meir du forstår kva som driv fram dine reaksjonar gjennom dine verdiar og overbevisningar, til lettare blir det for deg å velge den retninga som er rett for akkurat deg.

Skroll til toppen