Vi er alle eit produkt av vår fortid

Alt du ser og alt du gjer er ut i frå ditt eige ståsted og ditt synspunkt. Ofte må ein utfordre sin eigen synsvinkel for å sjå det større i ein situasjon, og villigheit er nøkkelordet som må tilførast for å få det heile bildet. Utfordringa er at det du trur er dine synspunkt og overbevisningar slett ikkje er dine, men kom til deg som barn.

Vi er alle eit produkt av vår fortid. Alle våre synspunkter, overbevisninger og reaksjonsmønster vart lasta ned i hjerna vår og lagra fra vår spede begynnelse og opp gjennom barndommen. Faktisk viser forskere til  at vår grunnleggende programmering starter heilt fra våre siste tre mnd i morsliv og fram til ca. sjuårsalderen. Vi er då i tilstanden Theta, som er ein form for hypnose. Vi søv og observerer alt som foregår rundt oss. Vi er som små svamper, der vi syg til oss alt vi opplever, både av det gode og det mindre gode. Det vi såg, hørte, følte, og miljøet og våre omsorgspersoner rundt oss var våre referansekilder.

Dette forma oss. Gleder, sorger og traumer blei raskt og ubevisst lasta og lagra i vårt sinn som mønster på kva vi skulle meine, føle og tru. Vi lærte å søke svar eksternt, og akseptere andre sine skildringar av korleis livet skulle være. Andre sitt syn på verden vart vårt syn på verden, og på den måten ein del av det store narrativet utan å vite kven vi eigentleg er og kva vi meiner.

Som barn var vi sårbare og prisgitt att vi vokste opp i eit godt miljø for dannelsen av eit godt fundament seinare i livet. Som voksen er det ein sjølv som må ta tak for å få det livet som ein ønsker, uansett barndom. Men med eit livsmønster og ei tru på kva vi kan og ikkje kan er det første steget alltid litt utfordrande.

Vi lever i ei verd som gjerne fortel oss kven vi bør være, kva som er bra og mindre bra. Fasiten for gullstandarden er høgt hengande, og ifølge sosiale medie av ulik seriøsitet blir den vurdert på ytre kvalitetar.

Gjennom vår kvardag treffer vi andre med meiningar og tankar. Meiningar som ofte bli uttrykt som om det er fakta. Ting dei har høyrt eller lest. Dette kan lett bli oppfatta som ei universell sannheit, og vi godtek det utan å spørje eit einaste spørsmål. Når vi er barn får vi fortalt kven som skal være våre tillitspersoner, som media og mennesker med autoritet. Noko som kan fortsette å være det livet ut. Det er viktig å vite at det ein høyrer ikkje alltid er ei global sannheit, men representerer ei kollektiv bevisstheit som sender ut ei overbevisning med mangler. Det som gjøymer seg bak er ein illusjon av makt og konkurranse.

 Med så mykje negativitet rundt oss er det vanskeleg å lytte til sitt indre. Villigheit og tru på at det let seg gjere, er ei nødvendigheit for å starte den prosessen. Det å skylde på ytre faktorar, sitt mellom øyrene, og blir som å slå fot under seg sjølv.

Våre program kom til oss som barn, men det er ingen som seier at du treng å ha dei med deg inn i alderdommen. Det å ta føre seg tankar og overbevisningar som ikkje fungerer lenger er alltid lurt. Tankar er ladda med følelsar som fører til handlingar. Det er du som sit ved roret og bestemmer om desse tankane og følelsane skal føre deg framover, eller holde deg i fortidas programmer.

Skroll til toppen